Naturens verden

https://gfx.nrk.no/Kp1PTNrNJSqBfb_gVwgzPAmySN7Gdf6nS3G8A9orY9fA.jpg

Naturens verden tek lyttarane med ut i naturen landet rundt. Vi møter folk som lever av eller i naturen på fjellet, ved havet eller på eit gardsbruk. Vi er der folk bur og jobbar og møter folk med beina på jorda.

0 Likes     0 Followers     1 Subscribers

Sign up / Log in to like, follow, recommend and subscribe!

Website
https://radio.nrk.no/serie/naturens-verden
Description
Naturens verden tek lyttarane med ut i naturen landet rundt. Vi møter folk som lever av eller i naturen på fjellet, ved havet eller på eit gardsbruk. Vi er der folk bur og jobbar og møter folk med beina på jorda.
Language
🇳🇴 Norwegian
last modified
2018-04-16 16:53
last episode published
2016-10-02 07:00
publication frequency
8.47 days
Contributors
NRK author  
NRK owner  
Explicit
false
Number of Episodes
206
Rss-Feeds
Detail page
Categories
Sports & Recreation

Recommendations


Episodes

Date Thumb Title & Description Contributors
2.10.2016

Naturens verden 02.10.16

På eit nydeleg fjellvatn i Balsfjord i Troms legg vi ut i båt for å sjå årets vakraste eventyr - røyegytinga. Og lærer mykje av forskarar frå UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Damerøyene er kresne i val av menn, så mennene brukar all energi på ...
NRK author
25.09.2016

Naturens verden 25.09.16

Ein av landets mest erfarne undervassfotografar fortel om havets vakre løyndomar langs heile Norskekysten. Ein av favorittane er kameleonfisken, som endrar farge etter grunnen den ligg over. Etter 40 år med undervassfotografering har Erling Svensen bå...
NRK author
18.09.2016

Naturens verden 18.09.16

Jeløya i Østfold har ein heilt unik natur, i dag får vi høyre om dei mange naturtypane som fins her. Alt frå landets største utval av sommarfuglar og edellauvskogallear rundt herregardane, til rådyr, strandblomar og månelandskap. På Batnfjordsøra kryr...
NRK author
11.09.2016

Naturens verden 11.09.16

Årets soppsesong lovar godt, men sopputvalet varierer rundt om i landet. Vi plukkar sopp i Bærum med ekspert Morten Jødal. Han fortel om ulike soppar, kurs og kontrollar, og har laga fantastiske rettar av sopp, granskudd og bær. Vi får også høyre om dr...
NRK author
4.09.2016

Naturens verden 04.09.16

Det er mykje spennande liv i ein liten bekk, vi vassar uti og finn insekt, floger og larvar saman med SNO i Trondheim. Tenk at elvemuslingen kan bli over 250 år gamal! Vi får også nærkontakt med bever og steinkobbe – i alle fall skinna deira. Hadde du ...
NRK author
28.08.2016

Naturens verden 28.08.16

I Kurefjorden mellom Rygge og Råde i Østfold finn vi eit av landets rikaste, skjøtta våtmarksområde. Her kan du få auge på alt av våtmarksfuglar som er innom landet vårt, frå det høge fugletårnet langs vasskanten. I Krutådalen i Nordland driv Laila Hof...
NRK author
21.08.2016

Naturens verden på øyhopping til Værlandet

Lengst ute i havet ligger Værlandet. Her gror kystlyngheiene og villsauene holder kulturlandskapet vedlike
NRK author
14.08.2016

Naturens verden på øyhopping til Myken

På øya på Helgelandskysten med bare ni fastboende, skapes det ny virksomhet i det gamle fiskemottaket.,
NRK author
7.08.2016

Naturens verden på øyhopping til Frøya

Øysamfunnet ytterst i Sør-Trøndelag stod på kanten av stupet og folk flyttet vekk. Gode krefter og landet største laksegrunder snudde det negative til noe positivt. I dag kjøres trailere med fisk ut av øya og trailere med flyttelass inn til Frøya.
NRK author
31.07.2016

Naturens verden på øyhopping til Kjerringøy

Han kom innom på 1960-tallet. Siden har han blitt der. Karl Erik Harr har funnet mye viktig inspirasjon på Kjerringøy i Bodø
NRK author
24.07.2016

Naturens verden på øyhopping til Bulandet

I Bulandet i Askvoll er det fiskeri som er hovednæringa. Men nå vokser ei ny næring frem der tare står i sentrum. Vi skal på tare-restaurant
NRK author
17.07.2016

Naturens verden på øyhopping til Karlsøy

For å komme til hektene etter dramatiske opplevelser, har Mads Gilbert sin egen, hemmelige øy i Karlsøy. Vi blir med inn i hans hemmelige verden
NRK author
10.07.2016

Naturens verden på øyhopping til Tautra

Historien er tydelig til stede på Tautra. Vi smaker tangsuppe, brygger øl og blir med inn i et ornitologisk skattkammer.
NRK author
3.07.2016

Naturens verden på øyhopping til Skrova

Rundt idylliske Skrova bor den mystiske fisken håkjerringa. Vi møter han som var med på å gjøre den kjent for oss nordmenn, og blir med ham inn i fiskebruket som var nær ved å ramle i havet før han tok hammeren fatt,
NRK author
26.06.2016

Naturens verden på øyhopping til Skrova fyr

Raidar Sørensen og Frank Marstokk har turnert land og strand. Bodd i byer og opplevd det meste. Nå har de overatt fyret på Skrova og blir der.
NRK author
24.06.2016

Naturens verden på øyhopping til Lindøya

Hytteøya Lindøya ligger et steinkast fra det urbane Oslo. Her er det ingen biler, og hyttene er maks 40 kvadratmeter. Vi går i land og tar pulsen på den landlige øya innerst i Oslofjorden
NRK author
12.06.2016

Naturens verden 12.06.16

I juni reiser ivrige hagefolk rundt om i landet og ser på vakre hagar for å få inspirasjon og nyttige tips. Tove Fugelsnes besøker hyttehagen til Dordi Anne Hyldbakk og Reidar Dahlstrøm i Todal saman med Bud og omegn hagelag. Helge Søfteland møter for...
NRK author
5.06.2016

Naturens verden 05.06.16

Naturreservatet Fugløya ligg midt mellom oljeindustri, asfaltverk og gjenvinningsanlegg i Kristiansund. Øya er ein viktig hekkeplass for sjøfugl og i 2010 vart øya eit naturreservat og kulturminne i Møre og Romsdal. Tove Fugelsnes besøker Fugløya saman...
NRK author
29.05.2016

Naturens verden 29.05.16

På 1800-talet vart beveren nesten utrydda, men no trives han i norske skogar. Vi kan sjå kvar han bur. Tre ser ut som om dei er felt med blyantspissar og bustete jordlass ligg langs vatna. Her bur beveren i sjølvlaga beverhytter. Han er freda men det e...
NRK author
22.05.2016

Naturens verden 22.05.16

På vårgrøne ekrer i Sunndal sprett geiter og kje rundt. Kjea får all mjølka til mora , for på Utistu på Gikling i Sunndal blir det ikkje laga geitost. Her produserer geita verdas beste ull, kasjmirull. Tove Fugelsnes besøker Oddveig Gikling Bjørnå som ...
NRK author
15.05.2016

Naturens verden 15.05.16

Stortinget har bestemt at det skal vere 39 ynglande jerv i Norge og derfor må Statens Naturoppsyn ut på hiregistrering. Det skjer på vårsnøen og Tove Fugelsnes er med SNO inn i norges første verneområde, Innerdalen i Trollheimen. Grunneigar Eystein Opd...
NRK author
13.05.2016

Naturens verden 08.05.16

I mai sprutar grøne og sunne vekster fram i naturen og det er no vi bør ete vill mat. Tove Fugelsnes ser på grøftekantmat saman med Susanne Friis Pedersen frå Norsk senter for økologisk landbruk. Dei finn skvalderkål, hesthov, markjordbær , løvetann, s...
NRK author
1.05.2016

Naturens verden 01.05.16

Rundt om i landet jobbar sauebønder natt og dag med å ta imot lam. Dei må vere raskt på plass for viss eit nyfødt lam blir slikka på av ein annan sau enn mora, kan ho støyte det frå seg og den lille blir eit kopplam. Tove Fugelsnes er med på lamminga h...
NRK author
24.04.2016

Naturens verden 24.04.16

Denne helga har Norsk Ornitologisk Forening årsmøte på Stiklestad og Tove Fugelsnes er ved Trondheimsfjorden og ser på fuglar saman med generalsekretær i NOF, Kjetil Aadne Solbakken. Småfuglane syng våryre i busk og kratt, stokkendene parrar seg og kor...
NRK author
17.04.2016

Naturens verden 17.04.16

Rundt om i landet er det vårdugnad i småbåthamnene og det blir spyla, pussa og drukke kaffe. Før gikk mykje av skiten og miljøgiftene rett på havet, no blir det meste samla opp og levert inn. Dunkarsundet ligg rett ut i havet med utsyn til Griphølen og...
NRK author
10.04.2016

Naturens verden 10.04.16

I Halsa i Møre og Romsdal driv Ragnhild Liabø Fjeldstad mjølkeproduksjon i kaldfjøs og kyrne kan kose seg med blomar, sommarfuglar og fine mønster som Ragnhild har måla rett på veggane inne i fjøset. Saman med vårfuglane syng ho songar på tunet og ein ...
NRK author
3.04.2016

Naturens verden 03.04.16

Som eit spionskip frå ein James Bondfilm ligg Den Sorte Diamant i havet utanfor Smøla. Dette er eit fotoskjul som Smøla Naturopplevingar skal ta i bruk i år. Audun Lie Dahl tek Tove Fugelsnes med ut i havet og som ein av dei aller første får ho komme i...
NRK author
27.03.2016

Naturens verden 27.03.16

Ytterst ved havet, i Bud i Møre og Romsdal, bur biletkunstnaren Åse Sæterøy. I bloggen Hageåse fortel ho om hagen som ho i skumsprøyt og vind gjennom mange år har bygd opp mellom bergrabbane . Tove Fugelsnes er på påskebesøk hos Åse og mannen Per Magn...
NRK author
20.03.2016

Naturens verden 20.03.16

Ho kjem frå Finnmark, møtte kjærleiken da ho studerte på Ås og flytta med mann og barn til garden hans i Saltdal i Nordland. Her driv ho med sau og Tove Fugelsnes møter Ann Guro Hansen og lamfulle og ullstore sauer ute i snøen. Etter lamminga ,og når s...
NRK author
13.03.2016

Naturens verden 13.03.16

Om vinteren kjem det masse elg til Målselv i Troms for å finne mat. Det går hardt utover skogen og mange dyr blir skada og dør i trafikkulykker. Tove Fugelsnes møter Tor Eriksen frå ettersøkskorpset som fortel om grusomme syn når dei må leite opp og av...
NRK author
6.03.2016

Naturens verden 06.03.16

Denne vinteren er det fullt med turistar frå heile verda i Troms. Dei kjem for å sjå polar villmark, nordlyset, kvalar , kjøre med hundespann og møte samar med reinsdyr. Tove Fugelsnes blir med Ivar Hagen frå Tromsø Safari til reingjerdet på Tønsnes. D...
NRK author
28.02.2016

Naturens verden 28.02.16

I ytre Balsfjord går alpakkadyr i mange fargar på snøkvite ekrer. I gardsbutikken kan ein kjøpe dei lekraste plagg av varmt alpakkagarn. "Fishing for litter" eller søppelfiske heiter det når fiskarane tek med seg søppel dei får i bruket til lands og Da...
NRK author
21.02.2016

Naturens verden 21.02.16

Når hundar får masse tur og søvn blir dei stille og rolege. Det er ikkje eit boff å høre når Tove Fugelsnes besøker hundebarnehagen Hundevis på Kvaløysletta i Tromsø. Ein stressa og redd hund er uroleg og gjøyr mykje, men sjølv ein gamal hund kan endr...
NRK author
14.02.2016

Naturens verden 14.02.16

Skreien kom til kysten i Troms først i starten av februar, men da kom det mange. Det blir eit toppår i år. Båtane ligg i kø for å levere fisk i Tromvik på yttersida av Kvaløya i Troms. Tove Fugelsnes besøker fiskemottaket der trailerane står klare til...
NRK author
7.02.2016

Naturens verden 07.02.16

Mats Hegg Jacobsen vart kåra til Årets Unge Bonde 2015. Tove Fugelsnes besøker han og kona , Lisa Jacobsen, på garden på Berg utanfor Tromsø . Der driv dei økologisk med utegris, villsauer, eit fargerikt felleskap av høner og oppdrett av geitekje. Fami...
NRK author
31.01.2016

Naturens verden 31.01.16

Utan erfaring frå gard tok Kristin Bygdås for 17 år sidan over eit småbruk i Korgen. No er garden Bjerkmo eit praktbruk og det renoverte hovedhuset frå 1600-talet har fått Hemnes kommune sin Byggeskikkpris. Mykje takka vere snekkaren Roger Jakobsen , s...
NRK author
24.01.2016

Naturens verden 24.01.16

I harde vintrar trekker fuglane sørover i januar. Mange av brettfuglane våre flyg også vestover til litt varmare strøk. Gråspurven er verdas med utbredde fugl , men no går talet på gråspurv ned. Han trives der menneska bur men moderne tette hus og fjøs...
NRK author
17.01.2016

Naturens verden 17.01.16

Kvart år dør tusenvis av hjortedyr på norske vegar og det er i Hedmark, Østfold og i Møre og Romsdal det smell oftast. Dersom eit dyr blir påkjørt i Gjemnes kan det vere leiar av ettersøksringen og viltnemda Randi Stokke som rykker ut for å avlive dyra...
NRK author
11.01.2016

Naturens verden 10.01.16

I bratte lier langs kysten står store mørkegrøne granfelt . Mange av trea er no hogstmodne og bør takast før dei fell i verdi. Tove Fugelsnes møter moderne tømmerhoggarar frå Tingvoll Skogservice og ho er på skogbefaring saman med ei skogmisjonær og e...
NRK author
11.01.2016

Naturens verden 03.01.16

Mange av grisene rundt om i landet kan føre anene sine tilbake til ei formeringsbesetning i Skaun i Sør-Trøndelag og er du i stamfar- og morbransjen må du vere frisk. Derfor er Mattilsynet med når Tove Fugelsnes besøker grisegarden. Helge Søfteland møt...
NRK author
29.11.2015

Naturens verden 29.11.15

I dag blir det ei sending prega av vestlandsver, men på austlandet, når me besøker familien Eidslott i Oslo. Der har vestlendingane Eivind og Katrine busett seg med ein litt over gjennomsnittleg stor ungeflokk på fire, og ein langt over gjennomsnittleg...
NRK author
22.11.2015

Naturens verden 22.11.15

Kulturstua i Ro byr på opplevingar frå steinalder til notid. Tradisjonar og handboren kunnskap står i høgsetet, og vertskapet er meir enn gjennomsnittleg nysgjerrige på alt forfedrane kunne. Me skal og få høyra at dei store hjortedyra slit meir enn dei...
NRK author
15.11.2015

Naturens verden 15.11.15

Klimaendringane kjem, men kvifor gjer me så lite, undrar klimaforskar Erik Kolstad.Han har og praktiske løysingar på kommunale framtidsproblem. Monika Blikås er på forskingstokt på havet, med inspirasjon frå Kon Tiki. Ho ser og nærare på Solblom i dage...
NRK author
8.11.2015

Naturens verden 08.11.15

Fruktavlingane i Hardanger er meir enn halverte i år, korleis går det ut over humøet til fruktbonden? Me får og veta at miljøregistrering gjev rikare natur og at lungenever kan minna om salat...
NRK author
1.11.2015

Naturens verden 01.11.15

Forfattar Øyvind Stranna Larsen har skrive boka "Bærplukkingens gleder" Han oppsummerer bærsesongen for oss og fortel mykje nytt om gamle bær. Me får og høyra at grantreet har god hukommelse og veta meir om kongebregne.
NRK author
25.10.2015

Naturens verden 25.10.15

På Øvre Flåta i Nore og Uvdal skal dei siste sauane i hus i dag. På garden lever både mann og kone av gardsdrifta, som byr på spesielle utfordringar fordi mykje av den ligg innanfor Hardangervidda Nasjonalpark. Me skal og få veta kva ein bør gjera i ha...
NRK author
18.10.2015

Naturens verden 18.10.15

Fleire av dei gamle kurasene er sjeldnare enn tigeren. Men nokon vil det annleis og utvidar buskapen med nettopp slike dyr. Det handlar og om styving og spretthalar.
NRK author
10.10.2015

Naturens verden 111015

Produksjon av kje-kjøtt er voksende i Norges største geit-fylke, Troms. Og vi lærer om tilrettelegging for hagefugler, samt at vi ser nærmere på edderkoppens verden.
NRK author
4.10.2015

Naturens verden 041015

Lofoten har lange tradisjoner for hvalfangst. Og i Bergen finner vi mer enn 70 potetsorter
NRK author
27.09.2015

Naturens verden 270915

Få byer har store gårder midt i byen. Men det finnes ennå noen.
NRK author